Gaute Eiterjord

Gaute Eiterjord (f. 1995) er frå Stavanger, og bur i dag på Ås utanfor Oslo. Han er 2. nestleiar i Natur og Ungdom, og jobbar frivilleg i organisasjonens sentralstyre med fiskeri- og landbrukspolitikk. Elles jobbar han som prosjektleiar for rekrutteringsprosjektet Slipp oss til - ungdom inn i landbruket, i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Familien til Gaute er frå fiskeværet Helligvær utafor Bodø. Heile øygruppa har 100 fastbuande, og kystfisket er den viktigaste næringa. Sjarkfiskarane her tener godt på dei rike fiskeressursane som ligg rett utafor stuedøra. Gaute har tilbrakt mange somrar på Vetterøya, kor villsauane på familiegarden spring fritt og held landskapet frå å gro att med beiting, og ein kan gå langs kvitkledde strender på speiding etter havørn. Og på fisketur i Vestfjorden kan ein finne den beste middagen som er: fersk fisk ein har fanga sjølv.